onsdag 13. juni 2007

NVE
Postboks 5091 Majorstuen
0301 OSLO



Verdas naturverndag vart nyleg markert, i år med Noreg som vertskap. Då gav dei styrande i landet vårt store lovnader om å vere blant dei fremste i verda på miljøvern. Det gjeld vel miljøvern generelt og ikkje berre reduksjon av CO2?

Fossekraft vert rekna som rein kraft. Men det er vel ikkje likegyldig korleis denne krafta vert førd fram til brukar? I tidlegare tider var lufttransport einaste måten å føre fram straum på. Over heile landet har vi såleis skjemmande kraftlinjer gjennom flott landskap. No må den tida vere forbi då framføring gjennom luft er einaste alternativet.

Staten som set strenge miljøkrav til andre, bør setje minst like strenge krav til seg sjølv. Elles kan ein ikkje vente å verte teken på alvor i miljøspørsmål.

Den planlagde gigantlinja frå Fardal til Ørskog vil skjere seg gjennom ein heil landsdel. Her finn ein ikkje kva som helst, men derimot vakker natur i verdsklasse. Natur som etterkvart er mangelvare og høgt verdsett.

Linja vil verte eit stort overgrep mot livsmiljøet i området ho skal gå gjennom. Ho vil skape store negative konsekvensar for både planteliv, fuglar, dyr og menneske. Redsel for helsefare med fylgjande fråflytting kan verte resultatet fleire stader.

Er denne linja verkeleg nødvendig? Dette spørsmålet må først stillast. Kva med t.d. kraftsluket ved Sunndalsøra og andre stader. Kan noko endrast der?

Må likevel så store mengder straum overførast heile denne lange vegen, må eit hovudkrav vere å leggje linja i kabel. Vi som bur her vil ikkje finne oss i rasert natur og øydelagde livsvilkår.

Hovudargumentet mot kabling er kostnaden. Det held ikkje. Kva er 2 milliardar ekstra idag? Ingenting, i eit rikt land som vårt. Det må koste å påføre menneske og natur store ulemper.

Kraftlinjetraséar vert vurderte opp mot kvarandre. Det ein ikkje vil ha sjølv bør ein heller ikkje velte over på andre. Ingen vil ha ei slik linje i sitt nærområde.

Så til vår eiga bygd, Storestandal ved Hjørundfjorden. Her får vi endå ei, og mykje større, skjemmande kraftlinje gjennom Standaldalen og langs fjell- og fjordsida nord for bygda. Endå eit stort negativt element i møte med vakker natur. Arter av planter, fuglar og dyr som har livsområdet sitt her, synest å vere mangelfullt undersøkt. Av kjende fuglearter kan nemnast at i alle fall både orrfugl, ugler og spetter har tilhaldsplass her.

Aller alvorlegast er likevel linjetraséen for ytre del av Hjørundfjorden (Hjørundfjordstranda). Her vert resultatet katastrofalt!

Linja kjem til å gå nærare busetnad enn det som er forsvarleg. Og utanom store naturinngrep, er sjølvsagt folk aller mest redde for si eiga helse. Geitebønder, som idag gjer ein stor innsats i området gjennom matproduksjon og stell av verdfullt kulturlandskap, har sagt at dei vil flytte eller vert siste generasjon på desse gardane.

Lengst ute i fjorden skal linja gå i spenn over til Sykkylven. Dette vil verte tredje spennet over denne vakre fjorden, og sikkert det som vil opplevast mest skjemmande, då reisande møter det som eit fyrsteinntyrkk.

Kva både fjordspennet og linjeføringa langs heile ytre fjellsida vil ha for negative konsekvensar for turisme, kan ein berre tenkje seg. Spennet over inngangen til den flotte Ytrestandaldalen kjem og til å gjere stor visuell skade.

Hjørundfjorden er verdsarv med natur fullt på høgde med område spesielt utpeika til det. No er det på tide å gjere alt ein kan for å hindre at denne eineståande alpinnaturen vert forringa.
Storestandal, 13.06.2007

Asbjørg Standal Romestrand
Trygve Romestrand
Kristin Klubbenes Standal
Tormod Standal
Sissel Standal
Ottar Standal

Ingen kommentarer: