Protest mot 420 kV luftlinje langs med Hjørundfjordstranda.
Påmelding kan sendast til
kjetstan@online.no

Norges vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5091, Majorstuen
0301 OSLO
Høyringsuttale vedrørende konsesjonssøknad 420 kV-ledning Ørskog – Fardal.
1. Det einaste alternativet som kan aksepterast er sjøkabel for heile strekninga Ørskog - Fardal.
• Det er industriutbygginga på Nordmøre som er årsaka til kraftunderskotet i Møre og Romsdal. Det er derfor blodig urettferdig at innbyggjarane langs ein eventuell kraftlinetrasè skal få ulempene med ei slik utbygging.
• Når det gjeld utgreiinga frå Statnett opplever vi at den er mangelfull på fleire felt. Så langt vi kan lese ut i frå konsekvensutgreiinga er det ikkje teke omsyn til kostnadane med dei samfunnsmessige ulempene ei slik kraftledning over land fører med seg. For vår del dreier dette seg om:
o Framtidig tapte inntekter for råka partar.
o Fare for nedlegging av aktivitet og fråflytting frå stadar som er særleg råka.
o Helsemessige konsekvensar av stråling og elektromagnetiske felt, fordi ein opererer med verdiar som er høgst omdiskuterte, og at ein her ikkje nyttar «føre var» prinsippet.
o Samfunnsmessige konsekvensar av angst og frykt som ei slik line medfører, mellom anna som følgje av usikkerheit omkring dette med stråling.
o Visuell forsøpling av naturen.
o Miljøforringing av spektakulære naturområde, med store frilufts-, kultur- og landskapsinteresser i ein av, etter mange sitt syn, verdas vakraste fjord.
2. Dersom det likevel blir luftline, vil vi peike på følgjande konsekvensar for Stavset og Ytre Standal.
• Desse gardane er mellom dei bygdene som blir hardast råka. Med avstandar heilt ned til offisiell faregrense for elektromagnestiske felt for fast busetnad, vil det vere utelukka for nye generasjonar å busetje seg her.
• Fritidsbustadar som får kraftlina rett utfor stovevindauget, vil ikkje lenger kunne brukast i noko særleg grad, og dei vil vere umulege å selje.
• Dei aktive gardsbruka som er att, vil bli nedlagde når noverande generasjon går ut. I dag har vi eit kulturlandskap som er halde i hevd omkring desse geitebruka. Etter få år vil alt gro att, og dette vil då ikkje vere i samsvar med styresmaktene sine intensjonar om å halde kulturlandskapet i hevd.
• Vi som bur her har draumar og planar for framtidig satsing på turisme. Det ligg føre konkrete planar for satsing på turisme, som vil bli umuleg å gjennomføre med ei slik kraftline langs fjorden.
• Dei fleste av aktuelle hyttepunkt vil ligge rett under planlagde trasè, og på grunn av skredfare mange stadar, har vi sterkt avgrensa mulege hyttetomter.
• Den visuelle effekten av luftspenn over dalen, vil forringe opplevelsen av eit særprega landskap med pr. i dag få og små menneskeskapte inngrep. Ytre Standal er ein fantastisk inngangsportal til Hjørundfjordfjella generelt, og den verna Molladalen spesielt.
• Hjørundfjorden er, på grunn av nærleiken til Ålesund, eit viktig opplevingstilbod for turistar og fastbuande i Ålesundsområdet. Fjordspennet og ei tydeleg brei kraftlinegate langs med stranda vil forringe opplevinga, og ta bort fokuset frå vill og nesten urørt natur.
3. Dersom 420-kV lina likevel skulle bli lagt langs med Hjørundfjordstranda, krev vi at den blir lagt i kabel forbi bygdene våre.
Ytre Standal den 23.05.2007
Stavset og Ytre Standal grendalag

Ytre Standal er ei av dei bygdene som blir hardast råka av ei 420 kV luftline. Sjå lenke under, og eventuelt last ned rapportar dersom du vil ha informasjon om kva dette går ut på.
Desse lenkene kan du kopiere inn i ein nettlesar og sjå korleis Statnett tenkjer.
www.nve.no/modules/module_109/publisher_view_product.asp?
www.statnett.no/default.aspx?
Her i bygda vil vi sende ein uttale og både protestere på heile lina, og fokusere på dei ulempene og konsekvensane vi ser føre oss dersom luftlina kjem.
Vi ber om støtte og eventuelt innspel til ein slik uttale. Hytteeigarar og andre med tilknytning til bygda er særleg velkomne til ein diskusjon pr. telefon, e-post eller frammøte.
Til orientering skal vi ha vårt første møte no måndag 21.5. kl. 20.00 i Ola-garden.
Høyringsfrist er 22.6.2007
Send gjerne vidare til personar eg ikkje har e-post adresse til!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Sjå vedlegg
Andre lenker:
www.kraftlinja.no/